Kartleggingstur i Sunndalsfjella

Praktisk info

Dato: 23.08.25

Tidspunkt: 11:00 - 17:00

Adresse: Osbudammen, Sunndalsøra, Norge

Forening: Risken sopp- og nyttevekstforening

Region: Møre og Romsdal

Pris fra: Gratis

Ledere

Bestill / Meld på

Bli med på soppkartlegging i fjellhei i Torbudalen

Sunndalsfjella er eit artsrikt og spennande fjellområde med relativt lite kunnskap om soppmangfoldet. Denne dagen legg vi turen til fjellområda aust for Ovatnet i Torbudalen, der det er stadvis kalkrik/baserik fjellhei med m.a. reinrose.

Detaljar om oppmøtestad kjem seinare

Vi ønskjer alle interesserte velkommen på kartleggingstur. Kartleggingstur er lærerikt og sosialt, og bidrar i foreninga sitt arbeid med å registrere artsmangfaldet i vårt område til nytte for forvaltning og forskning. Vi registrerer artsfunn i Artsobservasjoner og samlar prøver for vidare undersøkingar og belegg til dei vitskaplege musea.

Turen går på sti og i lett kupert fjellterreng. Godt fottøy og varme klede er anbefalt, og ta med eiga niste og drikke til matpause.